Documents-Kretser-Sogn_og_Fjordane-Dommar-2015-Sureskumar redigert

 

DOMMER SURESKUMAR TOK ANSVAR!
Dommer Sureskumar Kathiravel tok ansvar då det oppstod ein dramatisk situasjon i 5.div.kamp i Stryn

More Sharing ServicesDel | Share on facebook Share on twitter Share on email Share on print
Tekst: Hildegunn Hove
Publisert: 21. oktober 2015
Dommaren har definitivt ei særs viktig rolle i fotballen! Som kampleiar og nøytral tredjepart er han eller ho uunnværleg når det skal kjempast om siger og poeng.

Det er ofte lett å kritisere dommaren for hans prestasjonar, og kanskje ikkje så lett å berømme når han eller ho verkeleg fortener det!

Dommar Sureskumar Kathiravel, Eid IL fortener merksemd både som kampleiar og medmenneske etter ein 5.div kamp i Stryn:

I 5.div kampen mellom Stryn 2 – Førde 3 går ein Strynespelar overende med ein særs stygg skade, og kampens dommar Sureskumar Kathiravel, Eid IL, oppfatter umiddelbart at dette er alvorleg. Ambulansepersonalet kjem raskt på staden og i 15.min sit dommaren med den skadde spelaren, roar han ned, støtter og prater…

John Os i Stryn T&IL seier følgande om dommaren:

“Sureskumar er ofte i Stryn og dømmer kampar. Han er alltid blid og held ein god tone med alle. Denne gongen fekk han også vist at han har ei stor omsorg for sine medmenneske, og tek vare på dei rundt seg.”

Vi er stolte over å ha dommarar i kretsen som bryr seg litt meir!

Kilde:  http://www.nrk.no/sognogfjordane/dommaren-heldt-rundt-og-troysta-alvorleg-skadd-spelar-1.12622948

http://www.fotball.no/Kretser/sogn_og_fjordane/Dommar-2/2015/Dommar-Sureskumar-tok-ansvar/